I 2015 vart Eiren Nesheim Førstehjelp oppretta, og eg byrja å halde førstehjelpskurs. Eg er utdanna Paramedic, og har samla mange år med erfaring frå ambulansetenesta i Oslo sidan då eg vart ferdig utdanna i 2012. Denne erfaringa hadde eg lyst å dele med folk flest, og slik vart firmaet til ein oktoberkveld i 2015.

Om kursa

Innhaldet i førstehjelpskursa omfattar varsling og kommunikasjon med 113, sideleie, hjarte- og lungeredning, og bruk av hjartestartar. Alt etter kor langt kurs ein vil ha, vil det vere rom for å bruke tid på tema kunden ønskjer å lære meir om. Eksempel på etterspurte tema er hjarteinfarkt, hjerneslag, epilepsi, diabetes og ”føling”, allergiske reaksjonar, straumgjennomgang, og drukning.

Kundane er for eksempel firmaet som vil ha kurs for sine tilsette, bedriftshelseteneste som skal ha førstehjelpsdag på arbeidsplassen, vennegjengen, frivillige organisasjonar som vil ha kurs for sine medlem, og barnehagen som vil ha kurs på foreldremøtet. Kven som helst kan bestille kurs. Alle treng å kunne førstehjelp.

Pris

3-timars kurs - 7000 kr

4-timars kurs - 8000 kr

5-timars kurs - 9000 kr

Stad

Eg held hovudsakleg kurs i Oslo og omeign, men om kunder ønskjer det kan eg reise lenger for å halde kurs. Eventuelle kostnader for reise til og frå kursstaden vil naturlegvis variere med kor i landet kunden er.

Ta kontakt for å få bestille kurs, og for å få meir informasjon om skreddarsydde kurs for ditt behov.

Tidlegare kundar

Røde Kors Førstehjelp

Hardraade Vikingskipforening

Vikinger i Vestfold og Telemark

Crossfit Oslo

COMPLETE training AS

Læringsverkstedet Skytta Barnehage

Nordvern Rolf Nordberg

SNØ Oslo AS